Alm arkitekter

Vi teiknar for å bygge plass til livet

Om oss

Alm er eit familiedrive arkitektkontor med lang erfaring i alle fasar av eit byggeprosjekt. Vi jobbar tett med kundane våre for å forme ein heim tilpassa familiens behov. Vi ser verdien i det allereie bygde. Ofte kan den ideelle heimen skapast ved å auke kvaliteten per kvadratmeter, heller enn å bygge nytt.

Alm består av arkitekt Anja og byggingeniør Lars. Å ha begge desse rollene i same selskap, betyr at vi kan jobbe heilskapleg med prosjekt der budsjettet er styrande. Alm jobbar ute i feltet for å teste ut løysingar og materialar saman med kunden. Vi held i dei nødvendige søknadsprosessane, vel riktig entreprenør for jobben, og følger opp på byggeplass. Vårt ønske er å vere ein nær samarbeidspartnar frå første synfaring til ferdigstilling.

Miljøportrett av Lars Marius Rognlien som henger i stendere på en byggeplass.Portrett av Anja Hole

Prosjekter i utval

+

Transformasjonen til Irene og Andreas

Etter at alle fem ungane hadde flytta heimanfrå ønska Irene og Andreas no å transformere huset frå 70-tallet til deira eige. Ønske frå start var å få til eit tett samarbeid med arkitekt over ein lengre periode. Oppgåva var å utfordre huset som var bygd på i fleire etappar. Målet var å rydde opp, finne lyset, finne hagen, finne roen, finne hjartet av huset, samtidig romme familien som kjem heim til alle høgtider. Halve huset blei transformert og Irene og Andreas har funne roen i sin nye heim.

Status

Ferdigstilt

Periode

2021-2024

Sted

Smestad i Oslo

+

Det japanske tilbygget til Johan og Mathilde

Huset til Johan og Mathilde frå 1917 er fylt med byggehistorie i veggar og tak. Huset skal på nytt gjennom ein ombygging, men denne gangen skal vi rydde opp i eksisterande tilbygg. Ved å senke golvnivået skaper vi ei ny sone som koblar seg på hagen i syd. Nye skyvevindauge og dører opnar opp store deler av fasaden og inviterer hagen og gjestane inn til fest eller ein kaffi på trappa. Målet er eit stramt, lite prangande japansk inspirert tilbygg med god materialbruk.

Status

Byggesøknad

Periode

2024-2025

Sted

Disen i Oslo

+

Låven og fjøset til Ole og Kari

Ombruk på sitt beste! Ole og Kari har overtatt eit småbruk som har vore i familien sidan 50-tallet, i den samanheng ønske dei å oppgradere låven til ein fritidsbustad for familien. Låven ligg i naturskjønne omgivnadar med utsikt over heile dalen i vest. Oppgåva var å balansere nye behov og nytt bruk med byggets estetiske uttrykk og historie. Den primitive livsstilen utan innlagt vatn skal bevarast, fjøsgangen skal innlemmast, konstruksjonen skal forsterkast og lyset skal inviterast inn på nytt.

Status

Under bygging

Periode

2023-2025

Sted

Hurdal

+

Tømmerhuset til Anne Kari og Per

Kvelprud gard i Ål i Hallingdal drives av Anne Kari og Per som er 15. generasjon gardbrukar. Per har vakse opp på garden som har historie tilbake til 1600-tallet. No skal familien på fem overta tømmerhuset på gården frå 1800-tallet, men før innflytting ønske dei å restaurere og oppgradere huset. Tilbygg frå 70-tallet må rivast og erstattast med nytt tilbygg som gir huset fronten den fortene. Målet er å tilbakeføre huset til det vakre og imøtekommande huset i enden av vegen som det ein gang var.

Status

Byggesøknad

Periode

2023-2025

Sted

Hallingdal i Ål

+

Trefunkishuset til Jon Espen og Ragnhild

Trefunkishus frå 30-tallet med nydelege kvalitetar og detaljar skal framhevast ved å bygge om dagens to tilbygg til eit nytt samanhengande tilbygg. Jon Espen og Ragnhild ønske å skape ein heim tilpassa deira behov, og ein heim det er tenkeleg å bli eldre i. Det kvadratiske trefunkishuset med valmtak, liggande høvla panel, gjerda hjørne og nye vindauge og dører kjem fram i lyset igjen ved hjelp av eit nytt tilbygg som gir og tar.

Status

Under bygging

Periode

2023 – 2024

Sted

Ekeberg i Oslo

+

Den lille hytta til Even og Sanaz

Småbarnsfamilien på fire fekk tak i ei hyttetomt i Østmarka ved Rolandsjøen, med ønske om å bygge ei lita hytta på 30 m2. Hytta skal romme liv og vekst, og med liten plass er det eit poeng å tenke annleis. Tomta ligg på ei høgde med skogen i aust og utsikt over sjøen i vest. Vindauge og dører av olja furu, skifertak, olja trepanel både ute og inne, samt innebygde møblar av finer. Med vakre og robuste naturmateriale kan Even og Sanaz nyte godt av sine gode val i mange år framover.

Status

Under bygging

Periode

2023 – 2024

Sted

Østmarka i Nordre Follo

+

Teglsteinshuset til Anders og Katrine

Det raude huset frå 1945 hadde behov for kjærleik og omsorg, samt større plass til Anders og Katrine sin familie. Ønske var eit praktisk og energieffektivt hus med realistiske og budsjettstyrte løysingar. Husets nye tilbygg har blitt husets blikkfang kledd i lys teglstein frå topp til tå, tilbygget gir og tar plass og har blitt husets hjarte også på innsida.

Status

Ferdigstilt

Periode

2022-2023

Sted

Korsvoll i Oslo

+

Sveitservillaen og tilbygget til Stian og Wanda

Sveitservillaen frå 1898 blei øydelagt av ei ombygging på 60-tallet med nytt tilbygg og fjerning av detaljar. Stian og Wanda ønska å tilbakeføre husets fasade til den originale sveitservillaen, samt modernisere tilbygget frå 60-tallet. Villaen er oppført på gul liste og gjennom eit tett samarbeide med byantikvaren har vi saman landa eit forslag. I dag kan vi lese husets opphav sidan det arkitektoniske uttrykket skil mellom den originale delen og tilbygget. Huset er redda!

Status

Ferdigstilt

Periode

2021-2022

Sted

Grefsen i Oslo

+

Huset til arkitekten og byggingeniøren

I 2016 kjøpte vi ein vertikaldelt tomannsbustad frå 1948 saman med eit anna familiepar. Ein stor og lærerik jobb låg framfor oss, og vi laga ein 10-årsplan. Åtte år har gått og vi har vore gjennom alt; skisseprosjektering, riving, pigging, forhandskonferanse, uttale frå byantikvaren, byggesøking, avslag, dispensasjon, avslag, sorg, godkjenning, glede, graving, etterisolering, nye vindauge og dører, ny kledning, nytt tilbygg, arbeidsteikning, planlegging, drenering, sliping, pussing og snekring.

Status

Under bygging

Periode

2016 – 2024

Sted

Kjelsås i Oslo